KULTURA

Firmaet mitt heiter KULTURA. Det er registrert i Brønnøysundregistret under enmannsforetak. Men sidan eg skriv nynorsk, og ikkje er mann, kallar eg det "eineføretak".

tysdag 17. august 2010

STIEN LANGS SJØEN

Harstad, 9. juli 2010: - Og med dette erklære æ Stien langs sjøen for åpna!, sa tidlegare Helseminister Leif Arne Heløe, og klipte over det raude silkebandet.

Idéskapar, arkitekt og prosjektleiar Jim Myrstad med styre, har jobba seint og tidleg i seks år for å få realisert "stien". Og har fått økonomiske tilbod og ordningar frå to av bankane i byen, Harstad Kommune og 3 av dei lokale maskinfirmane våre.

Klokka 1700 kunne endeleg harstadfolk og andre tilreisande spasere på det første byggetrinnet av friluftsprosjektet Stien langs sjøen.
Som harstadværing melde eg meg til teneste då eg flytta til byen for tre år sidan. Sidan har eg vore med i styringsgruppa, og hatt mange spennande diskusjonar, utreiingar og praktiske oppgåver.



Bildet over blei tatt på mi første befaring saman med styret og Harstad Tidende, etter at vi hadde fått økonomisk støtte frå DnBNOR.


At det er vakkert på Trondenes, veit vi frå før, men at vergudane i tillegg hadde smykka startpunktet på Stien langs sjøen med den vakre skulpturen ISFUGLANE, gjorde gleda ekstra stor.

Så blei fuglane borte, og arbeidet tok til. Her legg vi røyr så det kan bli "Lys langs ein fjord" i hautmørke kveldar.


Vidare gav dei tre maskinentreprenørane ein "Hundremetersskog" kvar i sponsing til Stien. Det monna veldig på økonomien. Og arbeidet blei ferdig i tide til opninga.


Hundrevis av folk har gått att og fram i løpet av den korte tida Stien har eksistert. Kven er alle saman? Styret kan verken føre statistikk, eller administrere ein oversikt. Men vi har lyst til å legge ut ei gjestbok der turgåarane kan føre ein slags logg, eller berre signere. I tillegg vil vi gjerne sette opp ei postkasse der alle som er kreativ kan presentere idéar og forslag for Stien. Avfallsdunkar må vi også få satt opp, så du ikkje skal vere nøydd å ta med deg appelsinskal og sigarettsneipar heim igjen.



No er han her... så ver velkommen!


Styret har jobba over tusen timar med prosjektet, og prosjektet har minst fem byggetrinn framføre seg. Det viktigaste er at Stien langs sjøen er eit gratis, unikt, og kjærkommen tilbod for absolutt alle som vil rusle i frisk havluft, alle dagar i året.


No gjenstår det å få dette gjort kjent for folk: Kom og opplev!

Kanskje viktigaste for Stien i framtida er å inspirere folk i Harstad til å ta vare på, vere vertskap for, og bli glad i denne beten av "nymotens kultur". dette tilskottet som kan samanliknast med Dunværet på Vega, Helleristningane i Alta, Bergstaden Røros og Bryggene i Bergen, som alle er på UNESCO si verdsarvliste. Eller som iallfall kan gjere oss like stolt som Tønsbergaran når dei visar fram Slottsfjellet, Hamar gjer med Domkirkeodden Oslo med sin Kultursti langs Akerselva til Frysja, Kongsvinger med sitt Kvinnemuseum, Vardø med si Vardøhus festning, Stavanger med sin gamle bydel Straen, trondhjemmeran med Nidarosdomen, eller Boødværingane med Elveparken, som har løyper via Maskinisten til  Keiservarden. I Tromsø har dei flotte stiar omkring Prestvannet, og Narvik har Svarta Bjørn-marsjen.

Alle stader i landet har sin yndlingsstad, si løype eller terreng som gjer det verd å bu der ein bur. Noe som er ulikt alle andre sine landskap, og som er verd å ta vare på, og kjempe for, og hegne om.


Ingen er nøydd å sette bygda eller byen sin på verdskartet for å overleve. Ingen skal seie at nordlendingane er så mykje flinkare enn andre i dette landet til å vere snill - eller gjestfri. Vi er berre så søkkaness selskapssjuk! Så om vi ropar "Kom HIT!" Kan vi i det minste ha det "steikanes artig" i lag.
Ikkje sant?


Mamma! Kom ut! Æ vil gå Stien langs sjøen ein gang tel!

søndag 15. august 2010

PÅ LEIT ETTER KVARTS

Så var det tid for kvartsleiting med Harstad Geologiforening til Innlandet. 



Vi leigde traktor med "kjeft" som skava av jordlag og heiv vekk kampesteinar, og så kunne ei spennande jakt etter bergkrystall ta til.


Vi er eit lite lokallag, men ei storhending som dette, gjorde at vi fekk følgje frå omlandet. Dei kom til og med frå Narvik - på krykker!


Tove Katarina finn sin første kvarts!

Ho var ikkje den einaste. Alle saman leitte høgt og lågt, langt inni holrom og små sprekker, og plutseleg
fann vi ei åre.

Fjellet var fullt av ulike variantar, former i ymse kvalitet. 


Så skulle fangsten vaskas. - Med oppvaskkost og tannbørste. - Kvinnfolkarbeid, sa leiaren og då sette spinnesida seg til å arbeide i bekken. Deretter skal bergkrystallane ligge i "utvatna" Oksalsyre i mange timar.



Vi var der heile dagen, men noen hadde likevel vore der før oss


... Og alle var vi einige om at det hadde vore ein fin tur...

DRAUM BLIR VERKELEG


Regine Normann er den ubestridde eventyrforfattaren i nord. Ho debuterte i 1905 med romanen "Krabvaag", og i alt forfatta ho 18 bøker. Serine Regine Normann har inspirert mange nordnorske sjeler til å dikte.

Trass i at ho arbeidde som lærar i barneskolen, skreiv ho berre ei barnebok; "Den graa kat, og den sorte" som kom i 1916. Men eventyrskatten hennes blei bøkene "Evebtyr" i 1925, og "Nye Eventyr" i 1926, med "Ringelihorn" som det mest kjente. I 1927 skreiv ho "Nordlandsnat", som også var fantastiske historier om skrømt og spøkelsar.

Då eg blei invitert til å lese eventyr for 4. klassingane som skulle ha bibliotekovernatting på Sand Skole i Malangen, tinga eg boka fordi eg tenkte at om ungane skulle vere på biblioteket ei heil sommarnatt, skulle dei iallfall få høyre eventyr frå landsdelen, og få kjennskap til Regine Normann!

Same ettermiddagen eg skulle lese, kom boka i posten. Derfor fekk eg lita tid til å førebu meg.


Ungane benka seg omkring meg, og eg leita fram eit som såg spennande ut. Etterkvart blei eventyret både opprivande og forferdeleg for dei arme menneska i handlinga. Auga til ungane blei større og større då det kom farande både daudingarog skrømt inn i husa til lamslåtte småfolk. der leitte dei etter ein eller annan som hadde gjort noe dei ikkje likte. Gjenferda banka og styrte for å få has på stakkaren, og ramla ut av skap og kom buldrande fram frå kriker og krær. Eg trur heile boka "Nordlandsnat" må vere satt saman av dei fleste spøkelseshistorier som fins i Nordland. Og ingnting av dette kjem vel noen gong til å stå i pensum for 4. klassetrinn.

Til slutt såg ungane både redd og forskremt ut, så eg slutta av med å dikte opp ein annan slutt der og då. Dei håpefulle skulle iallfall ikkje bli sømnlaus på grunn av meg.


    

Eg har lenge tumla med å forfatte eventyr, men har ikkje drista meg til anna enn å smi på dei eg har skrive oppigjennom tida når eg har tatt dei fram med ujamne mellomrom. Så skjedde det noe i vinter. Natur og ungdom skulle skipe til Folkefesten: Ja til eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. Eg blei invitert til å lage eit bidrag i ei kokebok, og skulle til Kabelvåg for å presentere denne i august. - Kan eg få ha barnetime også? Spurte eg, - med eit eventyr eg har laga.

Arrangørane stilte med fargestiftar, og etter å ha lese eventyret "Humle på havet", fekk dei som ville illustrere til det dei hadde høyrt.
                                                   

 Stor konsentrasjon for å velje rett farge.



- Æ finn mæ en farge uten å kike, så ser æ ættepå ka det bi...


På ein liten time lagde ungane om lag tretti teikningar som Natur og Ungdom tok med seg for å kopiere og arkivere. Når dei er ferdig, får eg dei tilsend, og eg lovar å publisere noen av dei på bloggen min.

laurdag 14. august 2010

TUSEN TAKK

til alle for den varme støtta eg har fått i denne tunge stunda etter at bror min døydde.
Magnar streid med ein hissig kreft, men vi fekk mange gode samtalar i løpet av våren og sommaren.

Den saka han gløda for var å få bygd eit klubbhus til Harstad Damefotball, jentefotballklubben som han starta for 13 år sidan. Klubben har i dag 400 familiemedlemmar, og 90 aktive spelarar, og kongstanken hans var at alle klubben sinde medlemmar skulle bruke huset. Ikkje berre spelarane. Tomta hadde han funne for lengst, og hadde allereie gitt sivilingeniør Knut Vang oppdraget å teikne eit forslag. To veker før han døydde fekk han sjå teikningane felt inn i det foreslåtte arealet, og ein animasjon av bygget frå alle vinklar. Det var stort for han, og han fekk eit nytt håp om at det kunne la seg gjennomføre.



For mange år sidan var Magnar aktivt medlem i Harstad Tennisklubb. Men miljøet omkring denne sporten var dalande, og i dag eksisterar den knapt i Harstad. Og nettopp fordi han såg at den gamle tennisbanen der han trente aktivt på 60- og 70-talet, i dag er ueigna til det meste, der den ligg inneklemt mellom Jonas Lies gate og Hålogalandshallen, såg han for seg at Harstad Damefotball kunne lage eit nytt, kreativt miljø omkring den delen av stadion. "Dersom kommunen vil overdra den til Harstad Damefotball!" Sa han.

Dei siste fjorten dagane av livet sitt brukte han og eg til å diskutere kva klubben og kommunen kunne samarbeide om, kva for felles mål dei kunne ha, og kva som må til for å kunne få prosjektet gjennomført. Vi kom så langt at vi skulle presentere dette på møtet vi hadde fått 17. august med plankomitéen i Harstad Kommune.

Lenge trudde vi at han skulle greie å få vere med på dette, men sånn gjekk det ikkje. Magnar døydde fredeleg måndag 9. august på sjukehuset i Harstad.

Til minne om bror min, som brukte all fritida si på å få fram klubben til det den er i dag, har eg lova han at eg skal gjere alt eg kan for å prøve å få fullført det høgste ønsket hans. Så takk alle saman som har støtta meg desse dagane. Det har fått meg til å innsjå at arbeidet han har gjort for jentefotballen i byen er uvurderleg, og verd å kjempe vidare for.

Det er viktig for meg å gjere mitt beste for å oppfylle det siste ønsket hans, og eg lova han å stille for han på dette viktige møtet, og vil gjere mitt beste for å få fullført det som betydde mest for han dei siste 13 åra.

torsdag 5. august 2010

Ingen parkeringsproblem

JEG TILLATER MEG Å SENDE DEG ET INNLEGG

på bloggen din fordi du oppfordrer så sterkt til det, Kine.
Mitt navn er Trude Ellerei, og jeg har vært fast ansatt som reisende i en årrekke. Nå er jeg imidlertid opprømt!

Dette gjelder parkeringsautomater omkring i det ganske land, men Harstad kommune er ikke inbefattet i min opprømthet fordi de - nesten uten unntak - har installert parkeringsautomatar der vi dødelige kan trekke kontant- eller kredittkort i stedet for å betale med hva vi til enhver tid måtte ha for hånden. Og er man så uheldig å måtte parkere på P-plasser for mynt, må man til stadighet springe ut fra møter, konferanser, småjobber og offisielle besøk, for ikke å få bot.

Å betale for å parkere i gater er greitt, men hvorfor skal eiere av offisielle tomter være så grådige når det gjelder skoler, institusjoner og sentra? Dette hører ikke hjemme i et demokrati. "Ti kroner timen, og tjue prosent skatt" - er mitt motto. En regel som burde gjelde for alle, uansett hva de ikke tjener.

Ta for eksempel sykehusene våre?! Hva slags politikk det er a måtte betale for å besøke, eller oppmuntre pasientene så de - som Lasarus - kan reise derfra med smil om munnen? Jeg syns heller sykehusene skulle oppmuntre oss besøkende til å komme, da ville de jo ha spart de kronene de ellers må legge ned avdelinger for å få råd til å ha...

Universitetssykehuset Nord-Norge er eid av Troms Fylke, som har leid ut parkeringsplassen til Europark. Et privat firma som tjener penger på at folk er så snille at de kommer på besøk til venner og pårørende. Ingen må tro at de kjører med bilene sine til et sykehus fordi de har så vanvittig lyst til å vise frem doningen! Folk som kommer langveis fra og skal inn eller ut med sykdommene sine, eller folk som kommer fra småsteder der det ikke fins drosjer som de kan belaste samfunnet med, burde kunne parkere gratis.


Jeg mener når Europark kan installere automater med "ansatt-knapp", burde de vel strengt tatt også kunne installere en "kommer-langveis-fra-knapp" eller en "har-glemt-lommeboka-i-befippelsen-knapp"?
Nå parkerer de - Og får bot. Gult plastbånd med KID- og kontonummer, betalingsfrist på fjorten dager, og 500.- kr. mindre. Et menneske kunne bodd på dobbeltrom i ett helt døgn - med frokost - for den prisen.


Men neida... De må hive seg - i all hast - inn i bilen på grunn av et blødende mavesår, tarmslyng, miltbrann, hæmoroider eller andre akutte artigheter. Noe som gjør at man overhode ikke tenker på om man husket å ta med seg lommeboken.

Hvorfor i all verden må dette koste noe før klokken 1900? Jeg må bare få minne om at folk har akutte parkeringsbehov også FØR klokken nitten.

Med vennlig hilsen Trude Ellerei
Førstekonsulent

Ein vegg av fryd

Botanisk hage i Cape Town

onsdag 4. august 2010

JA TIL OLJEFRITT LOFOTEN OG VESTERÅLEN




Til helga skal det vere stor folkefest mot oljeboring i Lofoten og Vesterålen. Eg skal dit og "feste"! Som kulturarbeidar skal eg ha ei uroppføring av ei ny barnebok i Galleri Lille Kabelvåg.
Om du klikkar på lenka får du opp programmet, med dei andre aktivitetane eg også skal vere med på.

Når eg diskuterer med ivrige oljeboringsentusiastar, blir eg like forbausa kvar gong dei seier eg må slutte å argumentere med "følelser".

Hovudargumenta mine tufta på eit standpunkt eg er viss på at eg alltid kjem til å ha, same kor mange utreiingar oljeindustrien betalar for å få laga. Dei to grunnane til at vi har levd her i 10 000 år, og at vi framleis kan gjere det, er Golfstraumen og fisken.

Dette er kulturen vår, her vi ligg ved austleg breidd av Nordsjøbassenget. Vi som bur her har aldri hatt så mange arbeidsplassar som no, og fiskerinæringa har gjort eksporten av fisk til den nest største i landsdelen. På same viset som vi satsar på dei mest eigna landområda til odling av landbruket, burde vi også satse på dei mest einga havområda til fiskeri. Rekk opp ei hand dei som vil drive fiske utanfor Kårstø, Kjeldbergodden, Mongstad eller Herøya?





Lofoten og Vesterålen har ressursar som er i stand til å fø store delar av verda. Å øydelegge grunnlaget for fiskerinæringa ved å presse inn ei ny næring midt i forekomstane på ei anna, er i beste fall ureint spel, og i verste fall som å skite i matfatet.

Forskarane har for lengst funne ut at polarisen smeltar på grunn av avfall og partiklar frå all industri, ikkje minst oljeindustrien. Les gjerne artikkelen til Jess McNally:  Hvordan redde havisen

Kor mange forskarresultat må vi få før vi skjønner at alle uttak av fossil energi førar til eit forringa miljø. - Ikkje berre på grunn av alt oljesølet etter dei såkalla overkommelege ulykkene?

Lykke til med alle mulige tolkingar av konsekvensutreiingane.


måndag 2. august 2010

EG ER BLITT BLOGGAR

Kva var vel meir naturleg enn å opprette ein blogg under Hamsundagene på Hamarøy akkurat i slutten av juli 2010? Vi rakk akkurat å losjerte oss inn på pittoreske Tranøy Fyr, før vi fekk med oss den offisielle opninga i Hamsunsentret. Deretter opplevde vi forfattaren Eivor Bergum intervjue "gründer" av Vamp, Øyvind Staveland, før vi gjekk "på gjengrodde stier" opp til Hamarøy kjerke og ein fantastisk konsert med Vamp. 


I dagane etterpå traska vi frå galleri til galleri og fekk med oss alt frå målarstykke i olje og akryl, via collage til glaskunst i fantastiske former og fargar. Vi var på Buvåg og fekk oppleve forfattaren Per Knutsen snakke om - og lese frå - forfattarskapen sin. Vi har fabulert over den mektige nordnorske naturen til akkompagnement av den illsinte, stup-rasande "teinna" (terne/svalemåke), før vi avslutta opphaldet vårt med eit femrettars praktmåltid på Dorotheas Fryd. Tett sitjande på trebenkar ved langbord i eit digert telt, til underhaldning av Rockegruppa Sult, og Are Olsen - sjølvaste Are/Odin-Are. 


Korleis toppe dette? 
"Lag deg ein blogg." Sa min gode venninne siste ettermiddagen. Eg har i og for seg tumla lenge med tanken, men aldri tatt meg tida. Sjølv ikkje etter at Webhotellet - der eg leigde rom - sletta alt eg hadde på heimesida, fekk eg ut dei nødvendige fingrane som skal til for å forme ein blogg. Sjølv ikkje etter at det gjekk opp for meg at alle andre legg ut artiklar, opplysingar av og om meg. Det blir heilt feil at andre medier friskt og bramfritt kan referere til kva eg har sagt og gjort, og brukt namnet mitt til både det eine og det andre idiotiske føremålet. Men i går! Etterat min gode venninne, som er profesjonell bloggar tok meg for seg - og med entusiastisk oppmoding og uvurderleg hjelp - gav meg så grundig innføring, at eg innsåg at det ville vere for dumt å ikkje prøve.


Om du som les dette har eit godt råd eller to, tar eg i mot med takk.