KULTURA

Firmaet mitt heiter KULTURA. Det er registrert i Brønnøysundregistret under enmannsforetak. Men sidan eg skriv nynorsk, og ikkje er mann, kallar eg det "eineføretak".

onsdag 4. august 2010

JA TIL OLJEFRITT LOFOTEN OG VESTERÅLEN




Til helga skal det vere stor folkefest mot oljeboring i Lofoten og Vesterålen. Eg skal dit og "feste"! Som kulturarbeidar skal eg ha ei uroppføring av ei ny barnebok i Galleri Lille Kabelvåg.
Om du klikkar på lenka får du opp programmet, med dei andre aktivitetane eg også skal vere med på.

Når eg diskuterer med ivrige oljeboringsentusiastar, blir eg like forbausa kvar gong dei seier eg må slutte å argumentere med "følelser".

Hovudargumenta mine tufta på eit standpunkt eg er viss på at eg alltid kjem til å ha, same kor mange utreiingar oljeindustrien betalar for å få laga. Dei to grunnane til at vi har levd her i 10 000 år, og at vi framleis kan gjere det, er Golfstraumen og fisken.

Dette er kulturen vår, her vi ligg ved austleg breidd av Nordsjøbassenget. Vi som bur her har aldri hatt så mange arbeidsplassar som no, og fiskerinæringa har gjort eksporten av fisk til den nest største i landsdelen. På same viset som vi satsar på dei mest eigna landområda til odling av landbruket, burde vi også satse på dei mest einga havområda til fiskeri. Rekk opp ei hand dei som vil drive fiske utanfor Kårstø, Kjeldbergodden, Mongstad eller Herøya?





Lofoten og Vesterålen har ressursar som er i stand til å fø store delar av verda. Å øydelegge grunnlaget for fiskerinæringa ved å presse inn ei ny næring midt i forekomstane på ei anna, er i beste fall ureint spel, og i verste fall som å skite i matfatet.

Forskarane har for lengst funne ut at polarisen smeltar på grunn av avfall og partiklar frå all industri, ikkje minst oljeindustrien. Les gjerne artikkelen til Jess McNally:  Hvordan redde havisen

Kor mange forskarresultat må vi få før vi skjønner at alle uttak av fossil energi førar til eit forringa miljø. - Ikkje berre på grunn av alt oljesølet etter dei såkalla overkommelege ulykkene?

Lykke til med alle mulige tolkingar av konsekvensutreiingane.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar