KULTURA

Firmaet mitt heiter KULTURA. Det er registrert i Brønnøysundregistret under enmannsforetak. Men sidan eg skriv nynorsk, og ikkje er mann, kallar eg det "eineføretak".

måndag 2. august 2010

EG ER BLITT BLOGGAR

Kva var vel meir naturleg enn å opprette ein blogg under Hamsundagene på Hamarøy akkurat i slutten av juli 2010? Vi rakk akkurat å losjerte oss inn på pittoreske Tranøy Fyr, før vi fekk med oss den offisielle opninga i Hamsunsentret. Deretter opplevde vi forfattaren Eivor Bergum intervjue "gründer" av Vamp, Øyvind Staveland, før vi gjekk "på gjengrodde stier" opp til Hamarøy kjerke og ein fantastisk konsert med Vamp. 


I dagane etterpå traska vi frå galleri til galleri og fekk med oss alt frå målarstykke i olje og akryl, via collage til glaskunst i fantastiske former og fargar. Vi var på Buvåg og fekk oppleve forfattaren Per Knutsen snakke om - og lese frå - forfattarskapen sin. Vi har fabulert over den mektige nordnorske naturen til akkompagnement av den illsinte, stup-rasande "teinna" (terne/svalemåke), før vi avslutta opphaldet vårt med eit femrettars praktmåltid på Dorotheas Fryd. Tett sitjande på trebenkar ved langbord i eit digert telt, til underhaldning av Rockegruppa Sult, og Are Olsen - sjølvaste Are/Odin-Are. 


Korleis toppe dette? 
"Lag deg ein blogg." Sa min gode venninne siste ettermiddagen. Eg har i og for seg tumla lenge med tanken, men aldri tatt meg tida. Sjølv ikkje etter at Webhotellet - der eg leigde rom - sletta alt eg hadde på heimesida, fekk eg ut dei nødvendige fingrane som skal til for å forme ein blogg. Sjølv ikkje etter at det gjekk opp for meg at alle andre legg ut artiklar, opplysingar av og om meg. Det blir heilt feil at andre medier friskt og bramfritt kan referere til kva eg har sagt og gjort, og brukt namnet mitt til både det eine og det andre idiotiske føremålet. Men i går! Etterat min gode venninne, som er profesjonell bloggar tok meg for seg - og med entusiastisk oppmoding og uvurderleg hjelp - gav meg så grundig innføring, at eg innsåg at det ville vere for dumt å ikkje prøve.


Om du som les dette har eit godt råd eller to, tar eg i mot med takk.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar