KULTURA

Firmaet mitt heiter KULTURA. Det er registrert i Brønnøysundregistret under enmannsforetak. Men sidan eg skriv nynorsk, og ikkje er mann, kallar eg det "eineføretak".

laurdag 14. august 2010

TUSEN TAKK

til alle for den varme støtta eg har fått i denne tunge stunda etter at bror min døydde.
Magnar streid med ein hissig kreft, men vi fekk mange gode samtalar i løpet av våren og sommaren.

Den saka han gløda for var å få bygd eit klubbhus til Harstad Damefotball, jentefotballklubben som han starta for 13 år sidan. Klubben har i dag 400 familiemedlemmar, og 90 aktive spelarar, og kongstanken hans var at alle klubben sinde medlemmar skulle bruke huset. Ikkje berre spelarane. Tomta hadde han funne for lengst, og hadde allereie gitt sivilingeniør Knut Vang oppdraget å teikne eit forslag. To veker før han døydde fekk han sjå teikningane felt inn i det foreslåtte arealet, og ein animasjon av bygget frå alle vinklar. Det var stort for han, og han fekk eit nytt håp om at det kunne la seg gjennomføre.



For mange år sidan var Magnar aktivt medlem i Harstad Tennisklubb. Men miljøet omkring denne sporten var dalande, og i dag eksisterar den knapt i Harstad. Og nettopp fordi han såg at den gamle tennisbanen der han trente aktivt på 60- og 70-talet, i dag er ueigna til det meste, der den ligg inneklemt mellom Jonas Lies gate og Hålogalandshallen, såg han for seg at Harstad Damefotball kunne lage eit nytt, kreativt miljø omkring den delen av stadion. "Dersom kommunen vil overdra den til Harstad Damefotball!" Sa han.

Dei siste fjorten dagane av livet sitt brukte han og eg til å diskutere kva klubben og kommunen kunne samarbeide om, kva for felles mål dei kunne ha, og kva som må til for å kunne få prosjektet gjennomført. Vi kom så langt at vi skulle presentere dette på møtet vi hadde fått 17. august med plankomitéen i Harstad Kommune.

Lenge trudde vi at han skulle greie å få vere med på dette, men sånn gjekk det ikkje. Magnar døydde fredeleg måndag 9. august på sjukehuset i Harstad.

Til minne om bror min, som brukte all fritida si på å få fram klubben til det den er i dag, har eg lova han at eg skal gjere alt eg kan for å prøve å få fullført det høgste ønsket hans. Så takk alle saman som har støtta meg desse dagane. Det har fått meg til å innsjå at arbeidet han har gjort for jentefotballen i byen er uvurderleg, og verd å kjempe vidare for.

Det er viktig for meg å gjere mitt beste for å oppfylle det siste ønsket hans, og eg lova han å stille for han på dette viktige møtet, og vil gjere mitt beste for å få fullført det som betydde mest for han dei siste 13 åra.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar