KULTURA

Firmaet mitt heiter KULTURA. Det er registrert i Brønnøysundregistret under enmannsforetak. Men sidan eg skriv nynorsk, og ikkje er mann, kallar eg det "eineføretak".

søndag 15. august 2010

DRAUM BLIR VERKELEG


Regine Normann er den ubestridde eventyrforfattaren i nord. Ho debuterte i 1905 med romanen "Krabvaag", og i alt forfatta ho 18 bøker. Serine Regine Normann har inspirert mange nordnorske sjeler til å dikte.

Trass i at ho arbeidde som lærar i barneskolen, skreiv ho berre ei barnebok; "Den graa kat, og den sorte" som kom i 1916. Men eventyrskatten hennes blei bøkene "Evebtyr" i 1925, og "Nye Eventyr" i 1926, med "Ringelihorn" som det mest kjente. I 1927 skreiv ho "Nordlandsnat", som også var fantastiske historier om skrømt og spøkelsar.

Då eg blei invitert til å lese eventyr for 4. klassingane som skulle ha bibliotekovernatting på Sand Skole i Malangen, tinga eg boka fordi eg tenkte at om ungane skulle vere på biblioteket ei heil sommarnatt, skulle dei iallfall få høyre eventyr frå landsdelen, og få kjennskap til Regine Normann!

Same ettermiddagen eg skulle lese, kom boka i posten. Derfor fekk eg lita tid til å førebu meg.


Ungane benka seg omkring meg, og eg leita fram eit som såg spennande ut. Etterkvart blei eventyret både opprivande og forferdeleg for dei arme menneska i handlinga. Auga til ungane blei større og større då det kom farande både daudingarog skrømt inn i husa til lamslåtte småfolk. der leitte dei etter ein eller annan som hadde gjort noe dei ikkje likte. Gjenferda banka og styrte for å få has på stakkaren, og ramla ut av skap og kom buldrande fram frå kriker og krær. Eg trur heile boka "Nordlandsnat" må vere satt saman av dei fleste spøkelseshistorier som fins i Nordland. Og ingnting av dette kjem vel noen gong til å stå i pensum for 4. klassetrinn.

Til slutt såg ungane både redd og forskremt ut, så eg slutta av med å dikte opp ein annan slutt der og då. Dei håpefulle skulle iallfall ikkje bli sømnlaus på grunn av meg.


    

Eg har lenge tumla med å forfatte eventyr, men har ikkje drista meg til anna enn å smi på dei eg har skrive oppigjennom tida når eg har tatt dei fram med ujamne mellomrom. Så skjedde det noe i vinter. Natur og ungdom skulle skipe til Folkefesten: Ja til eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. Eg blei invitert til å lage eit bidrag i ei kokebok, og skulle til Kabelvåg for å presentere denne i august. - Kan eg få ha barnetime også? Spurte eg, - med eit eventyr eg har laga.

Arrangørane stilte med fargestiftar, og etter å ha lese eventyret "Humle på havet", fekk dei som ville illustrere til det dei hadde høyrt.
                                                   

 Stor konsentrasjon for å velje rett farge.



- Æ finn mæ en farge uten å kike, så ser æ ættepå ka det bi...


På ein liten time lagde ungane om lag tretti teikningar som Natur og Ungdom tok med seg for å kopiere og arkivere. Når dei er ferdig, får eg dei tilsend, og eg lovar å publisere noen av dei på bloggen min.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar